Ledige stillinger

Vi søkjer boreriggoperatør med erfaring eller tilsvarande kvalifikasjonar


Grunna generasjonsskifte og stabil oppdragsmengde søkjer vi etter boreriggoperatør for brønn og energiboring.
I tillegg til ansvar/medansvar for drift av borerigg, inkluderer jobben også transport av utstyr til og frå oppdragsstad, sveising av rør og utfylling av rapportdokument. Skriftlege og munnlege norskkunnskapar er derfor ein føresetnad.


Du meiner du har følgjande kvalifikasjonar:


•    Erfaring frå anleggsarbeid og gjerne anleggsmaskiner
•    Evne til å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver
•    God på planlegging og logistikk
•    Har interesse og viser initiativ
•    God fysisk helse
•    Mekanisk interesse/innsikt
•    Førarkort klasse CE (krav ved fast tilsetjing)
•    Truckførarbevis, kranførarbevis, og sertifikat for varmt arbeid, (eventuelt oppstart ved fast tilsetjing)
•    Grunnleggjande datakunnskap

Vi kan tilby:


•    Konkurransedyktig lønn
•    Gode pensjonsvilkår
•    Forsikringar
•    Bedriftshelseteneste
•    Travelt og godt arbeidsmiljø
•    Intern opplæring

Kontakt daglig leiar Yngve Sæterstøl mobil 98286458
Eller send e-post til: yngve @brunnboring.no

 

Har du lyst å være med på laget til Norges eldste brønnborerfirma?


Vestnorsk Brunnboring A.s starta opp i 1950 med boring av brønnar for hushaldningar og landbruk.  Seinare har vi utvida for boring av brønnar til varmeanlegg, horisontalboringar, peling og fundamentering, spunting og stagboringar. I tillegg har vi 2 miniriggar for spesialboringar. Vi er 23 tilsette som er opptatt av trygg og sikker arbeidsplass og at vi skal ha fornøgde kundar. Vår base er Høylandsvegen i Alver kommune, men vi utfører oppdrag i heile Bergensregionen, Sunnhordland, Voss og Indre Hardanger, samt Sunnfjord.